Oppstart03For ti år tilbake var der ein del mannfolk her i Vågsøy som «sykla omkring for seg sjølve». Sommaren 2007 tok nokre av desse mot til seg og gjekk ut i lokalavisa og søkte etter «åndsbrødre»- slike som kunne tenke seg å sykle saman i meir organiserte former. Kontaktannonsen gav resultat, og det danna seg ei gruppe på 7 – 10 mannfolk, alle i sin beste alder, frå 40 år og oppover mot 60+. Denne gruppa begynte å sykle saman, og dette var starten på Måløy CSK som såg dagens lys den 31. januar 2008.



Oppstart05Eit mål å trene mot er viktig for motivasjonen, og skuggeredd kan denne gjengen ikkje ha vore, for målet for 2008-sesongen var å gjennomføre Den store styrkeprøven frå Trondheim til Oslo. Påmeldingsformularet kravde at deltakarane måtte høyre til ein sykkelklubb, eit idrettslag eller liknande. Der og då, 31.januar 2008, vart det bestemt at dei representerte Måløy CSK (Cyklesportsklubb). Seks mann melde seg på rittet. Alle frå klubben som stilte til start på Den store styrkeprøven 2008 kom heilskinna fram til Oslo. Tidene deira finn du her.


Oppstart04
Klubben fungerte aldri som ein retteleg sykkelklubb med styre, medlemsmøte, rekneskap, budsjett og anna som høyrer til ein organisasjon, den var heller aldri knytt til Norges Cykleforbund. Alt saman var velsigna uformelt og prega av temmeleg flat organisasjonsstruktur. Aktivitetsnivået varierte dei 4 -5 åra denne klubben eksisterte, men stort sett trente medlemmane  fram mot Bergen – Voss og Jølster Rundt, og deltok sjølvsagt der. I sommarhalvåret var det fast trening på onsdagar, og i helga som regel ein litt lengre tur. På vinterstid søkte medlemmane tilflukt på Måløy Treningssenter.


Frå 2012 har den organiserte syklinga i Vågsøy vore knytt til sykkelgruppa i Måløy idrettslag. Med MIL- Sykkel har den lokale sykkelaktiviteten komme inn i organiserte former med styre, budsjett, rekneskap, årsmøte og ikkje minst sponsorar. Gamlegutane frå Måløy CSK syklar framleis, finn seg godt til rette i MIL-Sykkel, og synst det er meir enn greitt at yngre krefter har teke over og driv sykkelaktivitetane vidare i organisert form.
(Referent Atle Råsberg)

...........................................

Onsdag 30. april 2010 ble det avholdt informasjonsmøte på Stadion hvor alle sykkelengasjerte i Vågsøy ble invitert. Dette etter initativ fra Isak Kvalheim i MIL Idrettslag.

Der møtte 14 stykker og følgende sa seg villig til å jobbe videre med prosjektet "MIL Sykkel".

Hans Ole Eide Kjell Monsen Ørjan Forthun
Odd Atle Rygg Geir Helge Lund  

MIL Sykkel ble tatt opp i Norges Cykleforbund 14. september 2010.

Første styremøte ble avholdt 11. juni 2012 og besto av: Kristian Andal, Geir Helge Lund, Hans Ole Eide, Hege Mælseter , Odd Atle Rygg og Ørjan Kvalheim.
Kristian hadde ansvar for medlemslister og e-post/kommunikasjon. Geir Helge jobba med sponsorer. Hans Ole hadde ansvar for treningskalender. Hege var ansvarlig for arrangement/bevertning. Odd Atle var en drivkraft innenfor Melkesyra og holdt i trådene slik at vi fikk gjennomført det vi tenkte. Ørjan var utdanningsansvarlig og jobbet med kursing og kontakt med forbundet.
Vi så på oss selv som et arbeidende styre med flat struktur og fordeling av arbeidsoppgaver litt etter interesse og tid.
(referent Isak Kvalheim/Kristian Andal)